Wednesday, November 22, 2006

 

Trinn for trinn

Finst det ei trapp i nabolaget. I så fall kan den vera ein god trimreiskap. Ein tur i trappa er fort overstått og kan gjennomførast sjølv om veret er ustabilt.

Denne trappa startar i Garnesvegen, går opp til Øvre Seimsmark, held fram forbi Seimslia og endar oppe i Seimheia. I alt er det 272 trappetrinn i betong mellom start og mål, ein høgdeskilnad på ca. 55m. Distansen er ca. 150m. Idrettslaget Fri arrangerer trappeløpet ein gong i året, sjå resultat. Kom og prøv deg her. Så kan du gå innom den lokale italienske restauranten i nærleiken - da Stefano - etterpå.

Summary:
Staircases in the nabourhood should be used for step exercises.

Thursday, November 16, 2006

 

Gå til stasjonen


Det er mørkt ute og pliktene på jobben ventar. Regnveret vekte meg i natt, og det er vått i tunet. Har regnet stilna eller kjem det meir? Må eg ta bilen eller kan eg gå til stasjonen? Tek med regntøy og legg av garde i mørke natta, kroppen treng å røra seg. 10.000 skritt for dagen er kravet. Så mange steg har eg ikkje hatt på fleire dagar. Ein god halvtime, 3 km, kor mange skritt blir det? Berre 1923, nei det kan ikkje stemma. Men toget til byen nådde eg.

Dagslyset er ikkje kome for alvor før det mørknar att. Frå stasjonen går det buss, men i dag er målet å gå - steg for steg - ikkje for å telja stega, men for å konstatera at fram og tilbake er dobbelt så langt. Ikkje for einkvar pris i all slags ver, men det er for seint å snu. Regnskurene kjem brått og brutalt. Heldigvis kan eg stå i ein carport til det verste er over. Litt distrahert trur eg at eg kunne telja 3050 skritt heim frå stasjonen. I morgon vil eg ta bilen.

Summary:
On the way to his job a pedestrian sometimes must fight against heavy rainfalls. But if he count his daily steps, it's nessecary to walk the distance to the railway station.


Wednesday, November 08, 2006

 

Byutvikling er kunst

Ein bytur til sentrum bør gjerast til fots. I fleire byar er det opparbeidd fine gågater som det er triveleg å ferdast i og som ofte kan by på varierte opplevingar av folk, bygingsmiljø, historie, handel og servering - altså gode møteplassar. Byen set gjerne sitt stempel på gatemiljøet i form av spesialstøypte kumlokk med motiv frå byen som her i Fredrikstad.

Om nokre år vil Fredrikstad bli ein enno meir spennande by enn i dag, med elvemetro mellom Gamlebyen, sentrumsområda og området med den nye byarenaen, og promenade langs bryggekantane. Sjå her.

Etter å ha traska rundt ei stund mellom butikkar og folkeliv er det godt med ein pause. Her er eit alternativ - ein av møteplassane i Nygaardsgata - som har vekt litt oppsikt. Ein TV-salong "Sofakroken" med sofa og faststøypt pute i betong - altså eit kunstinnslag i bybiletet (Helena von Bergen, 2002) .


I byparken er det meir interessant kunst å sjå ( skulpturen "Ut av parken", Birthe Marie Løveid, 2003) i tillegg til knasande haustlauv frå store parktre som dekker plenane. Å trø på og høyra lyden av dette tørre lauvet er ei oppleving for ein vestlending som er mest vant til lyden av plaskregn no om hausten.

Her midt i sentrum av Fredrikstad er det berre å boltra seg og kjenna dei sprø, fjørlette blada som fyk opp når eg går steg for steg gjennom byparken. Dette er tusenårsstaden i Fredrikstad, og ein stad her er det grave ned eit skrin som inneheld typiske ting frå vår tid.

Heime i Arna derimot ser det slik ut: Eit blautt og klissete lag med blad som dekker marka, sleipt og gjørmete dersom du går gjennom det. Men så er det ingen bypark heller.

Summary:
A visit to Fredrikstad City where pedestrians can experience modern art and culture in the city centre. The sound from dry autumn leaves are different from the wet ground at home.

This page is powered by Blogger. Isn't yours?