Sunday, October 15, 2006

 

Varde for varde

Oppe i himmelsynet ventar Gullfjellet. Haustfargane er komne i dalen ovanfor Gullbotn. Stien er den same som vert nytta av "Styrkeprøven Rett Vest", men då står 8 fjell for tur. For oss er det berre eitt. Etter eit roleg noko myrlendt parti innover dalen, vert stien mykje brattare oppover ein smal fjellrygg. Her er det bygd solide vardar så ingen skal vera i tvil om retninga.

Midt oppe i den bratte stigninga kjennest det godt med ein liten pause. På retningspila på toppen av varden står det nr. 14. I disen i bakgrunnen ligg Samnanger. Kor langt kan det vera til toppen? Får vi sjå noko av utsiken der oppe?

Steg for steg, varde for varde. Vardane nær toppen av Gullfjellet er viktige for å kunne gå trygt når skodda kjem sigande. Frå varde nr.19 opp til nr.25 nær ved hovudvarden er det brukbar sikt frå den eine varden til den neste, men ikkje særleg lenger. Været er bra, men her oppe er det ikkje uvanleg at ein må gå stegvis framover, frå varde til varde.

Gullfjellstoppen er 987 m, høgste fjellet i Bergen kommune. Oppe på toppen står varselsskilta tett. Trø ikkje feil her. Fjellet er stupbratt ned på eine sida.

Kart er greit å ha med seg. Hvis du ikkje har det, er det lite hjelp å få av kartlaven som veks på fjellet. Den fortel ikkje noko om retninga, men litt meir om kor lenge fjellet har vore isfritt.

Så er det berre å starta nedteljinga, varde for varde nedover, og satsa på at knea er i form dagen derpå.

Summary:
When climbing up to the highest mountain in Bergen, the last steps must be taken carefully when the fog is coming. To follow the stone cairns is necessary if not getting lost. The maps on the ground does not tell you the way, but can indicate how many thosands of years since the icecap has melted.


Friday, October 06, 2006

 

Steg for steg til Fuglesteg

Steinstova på Fuglesteg vart opna som turlagshytte for Luster Turlag i 2005 med god hjelp frå Olav Thon. Hit måtte vi dra i år, meir enn 2000 besøkjande har alt teke turen opp etter restaureringa. Og målet vart nådd ein tidleg oktoberdag.


Siste del av turen opp hit er nifst bratt med tanke på at her har det vore fastbuande. Ein stad var stien under reparasjon, og vi måtte halda oss i boltar og tau for å koma framom. Byggverket som ligg på ei fjellhylle 630 m o h er eit utruleg praktfullt byggverk som det tok 5 år å samla stein for å byggja ein gong på 1800 talet. No er bygningen fornya, og det er blitt svært triveleg innandørs. Utsikten mot dalen, garden Furåsen, Eidsvatnet, Skjolden og litt av Lustrafjorden ser slik ut.Ta turen opp frå Fortun. Ein god time opp, og snøggare ned att. Sett nedanfrå er det lite som tyder på at det har budd folk oppe i desse fjellsidene. Filosofen Wittgenstein hadde forresten hytta si i fjellsida til venstre på biletet. Om Fuglesteg her

Summary:
On a ledge in the steep mountain near the end of Sognefjord and Jotunheimen there was a hill-farm until the late 1980's. After a fire and a tremendous renewal job, the great stone-house has been opend for mountain hikers.


This page is powered by Blogger. Isn't yours?