Sunday, September 24, 2006

 

Strandafjellet - eit av byfjella?

Her er den fantastiske utsikten frå Strandafjellet (ca. 300 m o.h.), sett gjennom det nye monumentet som er plassert her oppe.

Og den entusiastiske bergensdama som fortalde oss om tiltaket ser du her:

Det sentrale utsiktspunktet med flaggstang der figuren er plassert finn du på veg til Løvstakken. Ta avstikkaren til høgre på veg opp frå Solheimslien / Blekenberg. På stien oppover kjem du forbi både "Jesus lever" og "Skillingsbollen", altså litt av kvart på få med seg på ein tur opp hit. http://vitalturen.karbon.no/2005/main.php?action=turmaal&id=19

Bergen kommune har store planar for bydelen ved Damsgårdssundet. Med ei gangbru over sundet blir det turveg også inn til sentrum.

Summary:
A new viewpoint to the city is opend on the hillside. Come and have a look!

 

Skåldalsnipa 603

17. september 2006

Det går taubane opp til den søndre varden (603 m) på Skåldalsnipa, men berre for dei som vil ta snarvegen gjennom lufta på veg ned att.
Til fots er Skåldalsnipa er ei større utfordring enn Ådnanipa. Frå Stuajordet tek eg stien oppover langs vassleidninga frå Raudtjern. Nesten borte ved vatnet kryssar eg myra og finn stien som går litt attende oppe i den bratte skogen , og så steg for steg nesten rett opp. Berre hokre små trerøter og busker gjer at stien kjennest trygg, men det er nifst bratt utfor. Etter kvart som skogen vert mindre aukar utsynet. Herifrå kan eg konstatera at den nye opparbeidde tomten til ASKO i Arnadalen vil gje plass for ein gigantisk lagerbygning.

Så vert stien betre, og eg går lett vidare på skrå sørover i fjellssida, heile tida med godt utsyn over Arnadalen. Frå den den nordre varden ser eg attende mot Arnavågen og Ådnanipa (456m) til høgre.
Nok ein varm sommardag !


Summary:
Behind the 7 mountains of Bergen there are more steep mountains to climb. On the way to this summit in Arna you can look down to a site for new warehouse. You also have a view to Garnes by the fjord to the right.

Thursday, September 14, 2006

 

SPQR


Eit verkeleg urbant område med meir enn 2000 år gamle restar frå ein rik sivilisasjon som det trengst mange dagar for å sjå litt av. Her vert det mange steg, både ute og inne. Senatus PopulusQue Roma, Roma sitt kommunevåpen - Senatet og folket sitt Roma, ser ein over alt. I dei eldste gatene er det best å stiga frå stein til stein. I andre gater må alle sansar mobiliserast for å komma unna ein agressiv bil- og scootertrafikk.


I dei mange hundre kyrkjene kan ein sleppa unna den hektiske bylarmen utanfor. Her er det verdt å sjå nærare på mosaikken på golvet. Ikkje lite arbeid og marmor er lagt ned her. Ein stad var det mykje som minna om mønsteret på selbuvotten.

Fottøyet må vera sandalar. Difor må det også vera bidét på hotellrommet. Velbrukte sandalar kan leggjast att på slutten av turen som her.


Vel heimkomen kan ein lesa om alt ein ikkje fekk sett og planleggja neste tur. Etter å vore inne i 16 kyrkjer, går det opp for meg at eg har gått glipp av minst 6-7 andre. Ei vekes tid strekk ikkje til, men no er grunnlaget lagt.

Summary:
After a week in Rome the sandals are worn-out. There are still many churches to visit.

This page is powered by Blogger. Isn't yours?