Thursday, August 31, 2006

 

Vardeggen via Stoltzen



I dag går turen steg for steg heim frå jobben. Frå Vetrlidsallmenningen er det ein fin tur opp i "Hødden" via Øvregaten -Steinkjellergaten - Stølegaten og Ladegårdsgaten, der eg får auga på toppen av Stoltzen.

Vidare Absalon Beyers gate, Øvre Sandviksveien og Christinegård - så er eg i Fjellveien. Ein kort pause må eg ha før oppstiginga tek til. I dag er ryggsekken med, og det merkast. Sveinung er på veg ned, og har notert ei respektabel sterk tid på 14,45 i treningsdagboka i den grøne postkassen der oppe. Den som vil sjå kva meir som står der, får sjå etter.

Hilde frå jobben vart for sein i starten, men der kjem ho. Ikkje ny rekordnotering i dag, men det vil det sikkert bli om ikkje så lenge.
Og der kjem ein kjenning til, som pustar og stønnar ei heil stund til han kjem til sans og samling att. Vart det ny rekord i dag på 13,35? Pulsen var 182 eller noko slikt. Det høyrest lovande ut.

Eg finn stien mot Rundemanen og må sjølvsagt stikka bortom den kulturelle rhododendronhagen frå år 2000 i ovarennet til hoppbakken. Geiteramsen gjer mest av seg no, men mange rhododendronar ser ut til å greia seg fint. Fleire stader møter eg sauer innover fjellet. Her er rikeleg med gras. Stien er blaut her og der, og betre fottøy kunne vore ein fordel. I Jordalsskaret må eg stogga for å sjå den fine utsikten nedover mot Eidsvåg.
Meir motbakke opp mot Vikinghytten - landemerket på Vardeggen -585 moh. og saftservering kvar søndag. I dag blir det ein kort pust på benken utanfor før det ber utfor.






Men sjå her - alle dei store blåbæra. Det blir ei god stund i blåbærlyngen sidan nistepakka ikkje er med på turen.





Stien er lite synleg her sidan dei fleste legg turen langs vardane over Grønetuva og Vidden. Gjennom myrar og lyng ber det, av og til bratt, men det går greit nedover. Oppatt på andre sida av dalsøkket, og Arnabygda med Haus på andre sida av fjorden er komen nærare. Nede på bilvegen står desse skilta, dersom nokon skulle lura på kvar stien startar i Arna.



Enno ein liten halvtime ned til stasjonen. Stien er attgrodd no på seinsommaren og lite brukt. Trø varsamt her, steg for steg, men eg kunne ha gått bilvegen. Neste tur må bli i meir urbane område. Avreise frå Flesland om eit par dagar.



Toget til byen går kl. 19.50 for den som skulle nådd det. Turen tok altså 1 time meir enn planlagt. Skrittmålaren, som har fått lov til å vera med på turen, har passert 20.000.

Summary:
Once again
up the hillside from the city, now continuing across the mountain to Arna. Path is shown on the map at the end of the blog of 29th august.



Over fjellet til Arna

Turen over fjellet til Arna er unnagjort på nokre timar. Hannibal brukte fleire veker over Alpene, med ein stor hær der mange elefantar var med. Han greidde nesten å erobra Italia, med tok ikkje Roma. Mange av oss vil til Roma i vår tid. Slik er Hannibal si ferd, ca.217 år f.Kr., skildra på eit maleri som er å finna i Musei Capitolini - Campidoglio, i Roma.


Tuesday, August 29, 2006

 

Stoltzekleiven opp

"Stoltzen" må prøvast for å sjå korleis kondisen er no etter ferien. Den som skal våga å stilla på startstreken i Varegg sitt årlege arrangement bør bli kjend med denne motbakken på førehand. Høgdeskilnaden mellom Fjellveien og målet oppe på Sandviksfjellet skal vera 315,5 m og ikkje så lite bratt.

I Fjellveien er det tradisjon for rolege spaserturar i fintøyet. Men skal du gå "Stoltzen", krevst det meir målretta innsats, krefter og vilje til å koma seg opp, og klesplagga må hengja laust på skrotten. Her er startpunktet.

Stien svingar seg på skrå oppover i storvaksen skog, blir brattare og går over i steinsette parti og trappetrinn murte av gode steinblokker. Her er det berre å stiga oppover i lange, spenstige steg. Er tempoet passe, eller vil eg bli for tidleg sliten med dette tempoet?

Steg for steg ber det oppover. Beina kjennest brukbare, men pulsen har fått retteleg fart på seg og sveittedropane piplar nedover panna. Sidan dette er ein bli-kjent-tur og fotoapparatet er med, har eg grunn til å stoppa for å sjå kor langt opp eg er kommen. Der nede ligg Måseskjeret og Hegreneset.

Lenger oppe vert stega tyngre og farten minkar. No røyner det på. Kor langt opp er eg komen no? Eg meiner å hugse at eg snart skal møta ei tretrapp, og då er det ikkje langt igjen. Men stien og steintrappene tek ikkje slutt. Eg unner meg eit par ekstra kvilesteg, og nokre til.

Dei som er på veg ned att kan ta det roleg og sjå på oss som strevar oppover. Eg prøver å sjå sprek og spenstig ut i det eg passerer eit par på tur ned, men det straffar seg. Ein liten pause må til for å henta seg inn att. Utruleg kor langt dette stykket var.
Tida går, eg har ikkje som mål å konkurrera, men bør oppnå ei respektabel tid likevel. Der er ho endeleg - tretrappa.

No er det 100 trinn opp - og litt til. Har eg krefter til ein liten sluttspurt? Eg er i mål på "normaltid", 24 minutt. Her bør det vera forbetringspotensial. Rekorden opp har Jon Tvedt på 8.13 !
Mange er ute og prøver krefter i "Stoltzen" i dag. I tur og orden stuper dei inn på treplattingen som ligg i målområdet og hiver etter puste mellom sparsomme setningar.
Utsikten over byen med turistskip på fjorden og 3 byfjell i vest må vi ha med oss før turen går nedover att for denne gongen. Steg for steg.


-------------------------------------------------------------------

Tidspunkt for neste tur: 31.08.06. Bergen - Arna. Start frå Vetrlidsalmenningen kl. 15.15. Evt. retur med tog frå Arna stasjon kl. 18.50. Her er turkart.

PS. "Steg for steg" eit supplement til aksjonen "Sykle til jobben" og ein privat variant av den nasjonale aksjonen http://www.hvert-skritt-teller.no/ , støtta av helesminister Sylvia Brustad og fleire kjendisar.

Summary:
People are training for the uphill race in the steep hillside called Stolzekleiven - the big challenge has different staircaises.
Step by step - stepcounting - is a campaign to promote general physical activity by increased walking.

This page is powered by Blogger. Isn't yours?