Thursday, August 31, 2006

 

Vardeggen via Stoltzen



I dag går turen steg for steg heim frå jobben. Frå Vetrlidsallmenningen er det ein fin tur opp i "Hødden" via Øvregaten -Steinkjellergaten - Stølegaten og Ladegårdsgaten, der eg får auga på toppen av Stoltzen.

Vidare Absalon Beyers gate, Øvre Sandviksveien og Christinegård - så er eg i Fjellveien. Ein kort pause må eg ha før oppstiginga tek til. I dag er ryggsekken med, og det merkast. Sveinung er på veg ned, og har notert ei respektabel sterk tid på 14,45 i treningsdagboka i den grøne postkassen der oppe. Den som vil sjå kva meir som står der, får sjå etter.

Hilde frå jobben vart for sein i starten, men der kjem ho. Ikkje ny rekordnotering i dag, men det vil det sikkert bli om ikkje så lenge.
Og der kjem ein kjenning til, som pustar og stønnar ei heil stund til han kjem til sans og samling att. Vart det ny rekord i dag på 13,35? Pulsen var 182 eller noko slikt. Det høyrest lovande ut.

Eg finn stien mot Rundemanen og må sjølvsagt stikka bortom den kulturelle rhododendronhagen frå år 2000 i ovarennet til hoppbakken. Geiteramsen gjer mest av seg no, men mange rhododendronar ser ut til å greia seg fint. Fleire stader møter eg sauer innover fjellet. Her er rikeleg med gras. Stien er blaut her og der, og betre fottøy kunne vore ein fordel. I Jordalsskaret må eg stogga for å sjå den fine utsikten nedover mot Eidsvåg.
Meir motbakke opp mot Vikinghytten - landemerket på Vardeggen -585 moh. og saftservering kvar søndag. I dag blir det ein kort pust på benken utanfor før det ber utfor.






Men sjå her - alle dei store blåbæra. Det blir ei god stund i blåbærlyngen sidan nistepakka ikkje er med på turen.





Stien er lite synleg her sidan dei fleste legg turen langs vardane over Grønetuva og Vidden. Gjennom myrar og lyng ber det, av og til bratt, men det går greit nedover. Oppatt på andre sida av dalsøkket, og Arnabygda med Haus på andre sida av fjorden er komen nærare. Nede på bilvegen står desse skilta, dersom nokon skulle lura på kvar stien startar i Arna.



Enno ein liten halvtime ned til stasjonen. Stien er attgrodd no på seinsommaren og lite brukt. Trø varsamt her, steg for steg, men eg kunne ha gått bilvegen. Neste tur må bli i meir urbane område. Avreise frå Flesland om eit par dagar.



Toget til byen går kl. 19.50 for den som skulle nådd det. Turen tok altså 1 time meir enn planlagt. Skrittmålaren, som har fått lov til å vera med på turen, har passert 20.000.

Summary:
Once again
up the hillside from the city, now continuing across the mountain to Arna. Path is shown on the map at the end of the blog of 29th august.



Over fjellet til Arna

Turen over fjellet til Arna er unnagjort på nokre timar. Hannibal brukte fleire veker over Alpene, med ein stor hær der mange elefantar var med. Han greidde nesten å erobra Italia, med tok ikkje Roma. Mange av oss vil til Roma i vår tid. Slik er Hannibal si ferd, ca.217 år f.Kr., skildra på eit maleri som er å finna i Musei Capitolini - Campidoglio, i Roma.


Comments: Post a Comment



<< Home

This page is powered by Blogger. Isn't yours?