Sunday, December 03, 2006

 

Nattope

1.desember 2006.
Når butikkane freistar med nattope, kjem det mykje folk til byen, og det blir fin stemning i gatene. Eg legg turen forbi Håkonshallen, som ligg bada i flomlys. Månen er også til stades i kveld.

På Bryggen er verdsarven pynta med lys til jul. Det er fredagskveld og sesong for julebord. Desto meir viktig blir det å gå ein tur og brenna kaloriar. Ein spasertur langs Bryggen gjer godt. Her er det god plass til å øva seg på nokre dansesteg, sidan det kanskje er ei stund sidan sist.

I Strandgaten er julehandelen i gang. Startskotet skulle vera 1.desember i år, ikkje før. Men no går det unna, det er berre å ta steget innom butikkane. Utover mot Gågaten og attende, det kan bli eit heilt stykke å gå. Men i dei største varehusa er det rulletrappene som går. Likevel vert det mange steg, for å hengja med på damene sine handleløyper kan vera stritt.

Strandgaten, Strandkaien og Torgallmenningen med tverrgater er unnagjort, så no gjeld det å halda godt på alle bereposane. Galleriet med alle rulletrappene har meir å by på. Her er det tid for å gjera tyngre innkjøp. Å kjøpa er ei like stor glede som å få, så lenge kontoen tillet det. Og sjølvsagt må vi få med oss julestemninga i Peparkakebyen.

Tida renn ut, så langt kom vi. No skal varene fraktast bort til Arnatoget, steg for steg, på ein tungt lasta kløvhest. Heilt "nattope" var det altså ikkje. Då hadde det blitt mange fleire steg, og morgontoget heimover.

Summary:
Late night shopping in the World Heritage City of Bergen. Many steps is needed to see the Christmas decorated streets. And inside one of the stores there is a ginger-snap city.


Comments: Post a Comment



<< Home

This page is powered by Blogger. Isn't yours?