Wednesday, December 13, 2006

 

Ibsen på Karl Johan

Henrik Ibsen gjekk opp og ned Karl Johan til faste tider mellom bustaden i Arbiens gate og Grand Cafe. Ein spasertur på Karl Johan høyrer også med når vi som kjem frå provinsen er på tur til hovudstaden. Gata er pynta for å markera utdelinga av Nobels fredspris.

No i Ibsen-året er sitat frå diktinga hans støypt inn i gatesteinen på det breie fortauet langs Nationaltheateret bortover til Studenterlunden.

Kjende og mindre kjende sitat, og når eg kjem heim skal "Ibsens samlede verker" hentast fram frå bokhylla for å finna ut meir. På tide å friska opp litt av lærdommen frå gymnastida; Vildanden, De Unges Forbund, En Folkefiende, Peer Gynt og Brand...

Kunstnarane bak prosjeket er Ingrid Falk og Gustavo Aguerre. Framlegg til nye sitat kan meldast inn over internett http://www.ibsensitat.no/.
Opplev meir av Ibsen her.
Borte i Spikersuppa er det skøyteis å gå på for dei som har utstyret med seg.

Elles må eg konstatera at Oslo har kumlok å vera stolte over, med St. Hallvard som motiv som i byvåpenet. St. Hallvard er vernehelgen (skytehelgen) for Oslo.

Summary:
We are in Oslo - there is a saint in the Oslo city logo. The pavements and side-walks down the main street Karl Johan have quotations by the author Henrik Ibsen. First quotation is: "Forever owned is just what's lost".

Comments: Post a Comment



<< Home

This page is powered by Blogger. Isn't yours?